Desinfeksjonsmatte til bruk ved inngangen der ein ynskjer å halda smittefaren borte.
Det robuste materialet som matta er laga av tillèt væska å komme inn i kjernen.
Materialet i botnen og på sidene hindrar fuktigheita i å komma ut.
Matta kan ta opptil ca. 8 l.
Størrelse 85x60x3 cm
ca 1,7 kg.
Digiderm ECO Sink Spray for sau. 500 ml.
Til førebygging av klauvråte på enkelte sauer.
Spray rikeleg i klauvspalten og rundt om på klauva og la det tørke i 30 min., ein gang dagleg til ønska effekt.
Produkt "på lag" med naturen. Effektiv mot sopp og skadelege bakteriar. Ei blanding av 4 organiske syrer som har god effekt på skadelege bakteriar som S,aureus, E.coli, Listeria etc og på sopp. Kan derfor brukast til mange formål.
Innhald: organiske syrer, aroma, vatn.
Alle ingrediensar er godkjente til bruk i mat.
Sjukdomsframkallande bakteriar trivst dårleg i nærvær av organiske syrer og ved pH-verdiar lågare enn 5. Ingen problembakteriar toler eit miljø der pH-verdiane er ca. 4 over tid, særleg ikkje når pH-verdien er resultatet av ein del organiske syrer. Organiske syrer skal blandes ut med vatn i forholdet 1:15.
Viktige bruksområde:
• Fjøs, kennel, stall o.l.
• Produksjonslokale til næringsmidlar.
• Skular, barnehagar og helseinstitusjonar.
• Ved sur stråle under hoven hos hest.
• Generelt reinhald i hus og heim.
• I fotbad til storfe.
• Til bruk på slakt av hjort etc. for å kunne modne slaktet lenger. Spray rikeleg på hals, skotsår, innvendig, på forurensa deler av slaktet og på snittflata dersom dyret er kløyvd. Om nødvendig kan det sprayast på heile overflata.
Sprayflaske m/sprayhode (praktisk flaske til utblanding)
Datablad Optima organiske syrer