Varmekabel 230 V «Kima» innv./utv.
Kima Varmekabel for innvendig eller utvendig montering på røyr.
2 m tilførselskabel (utan varme) og stikkontakt 230 V m/jord.
11 W/meter.
Kabelen er sjølvregulerande og kan ikkje bli overoppheta sjølv ved tilkopling over lang tid. Kabelen endrar effekt avhengig av temperaturen. Stig temperaturen minkar effekten og omvendt når temperaturen blir lågare.
Kabelen er godkjent for innvendig montering i røyr med maks 10 bar.
Jordfeilbrytar bør brukast ved all installasjon.
Kabelen må ikkje kryssast og ikkje kappast.
Ved innvendig installasjon held den eit 32 mm røyr med 20 mm isolasjon frostfritt ned til ca. -30ºC, ved utvendig installasjon ned til ca. -20ºC.
Ved innvendig installasjon eignar den seg best for ¾» eller større røyr p.g.a. vassmengda.
Alle størrelsar har 2 m tilførsels-/straumkabel.
Tilleggsutstyr ved innv. installasjon:
Varmekabelnippel 890-143190