Klauvboks «CompactStall» utan botn/golv
Klauvboks Compact Stall utan botn men med hjul.
Stålkontruksjon av 50/40 x 2,3 mm røyr.
Compact Stall kan brukast i fjøsen utan å flytte dyret frå plassen sin.
Dyret blir ståande fastbunde i båsen.
Klauvboksen skyv ein på plass bakfrå og festast med kjetting i innreiinga.
Klauvene kan lettvindt stellast av ein person inne i fjøsen uansett årstid og vêrforhold.
Denne klauvboksen eignar seg også godt for andre røkteroppgåver, fotsjukdommar, dyrlegebehandling o.l.
Compact Stall er eigna til både kyr, oksar og ungdyr på bås.
Levert komplett med:
– 2 lufthjul.
– 1 kjetting i bakre ende.
– 1 tilbakeslagsfri bukreimvinsj.
– 2 breie bukreimar.
– 1 tilbakeslagsfri bakfotvinsj, som kan takast av.
– 1 klauvreim.
Ytre mål:
Breidde 100 cm – Lengde 210 cm – Høgde 164 cm – Vekt 85 kg.
Denne modellen er utgått—-ny modell kjem.
Framfotvinsj MÅ bestillast separat.
Delfrakt p.g.a. volum, kjem i tillegg til prisen.