Klauvbadmiddel «Digiderm EU Premix», 15 liter

kr 2.825,00 ink. MVA
kr 2.260,00 eks. MVA

Digiderm EU Premix (15 liter) er eit klauvbadmiddel for mjølkekyr.
Gir god klauvhygiene og klauvhelse, utan bruk av koparsulfat.
Effektivt og enkelt i bruk.
Miljøvenleg og utan antibiotika.

Middelet skal kun fortynnast med vatn.
Produktet reingjer klauvene, senkar pH-verdien i klauvbadet og tilfører styrkande mineral til klauvene.
Ingen koparsulfat trengst å tilsetjast klauvbad med Digiderm EU Premix.
Premix klauvbadet behheld kvaliteten sjølv etter dobbelt så mange kupasseringar som ved tradisjonelle bad basert på 7 % koparsulfat.
Regelmessige klauvbad med Premix gjer det lett å oppretthalde god klauvhygiene og klauvhelse i besetningen.
Ein annan fordel er at kvaliteten på klauvbadevæska ikkje blir påverka i same grad av avføring frå kyrne slik som tradisjonelle klauvbad bli.
Ein enkel måte å sjekke kvaliteten på badet er å sjekke pH-verdien med eit pH-strips. Klauvbadet med Premix er effektivt så lenge pH-verdien er 5 eller mindre.
Utblanding:
Normal dosering er 2%.
Til eit klauvbadekar som tek 100 liter- fyll karet med 98 liter vatn og tilsett 2 liter Digiderm EU Premix. (Jarnholdig vatn bør ein unngå fordi det forstyrrar den kjemiske balansen og svekker effekten av Digiderm-behandlinga.)

 

Lagerstatus: 3 på lager Varenummer: 697-015 Kategorier: , ,

Beskrivelse

Digiderm EU Premix er ei miljøvenleg, effektiv og arbeidssparande klauvbadeløysing for mjølkekyr.

Digiderm EU Premix fotbad mot Digital Dermatit

For best resultat er det anbefalt å nytte “3-2-1 metoden” for intensiv behandling dei første 3 månadane.

100 liter klauvbadevæske, dosering 2% Premix. (98 liter vatn – 2 liter Premix)

Veke 0:

Stell og skjer klauvene. Påfør Digiderm Salicylpasta og bandasje om naudsynt. Fjern bandasjen etter 5 dagar.

Veke 1-8:

Lag ny klauvbadevæske 3 gonger i veka, f.eks. måndag, onsdag og fredag.

Veke 9-12:

Lag ny klauvbadevæske 2 gonger i veka, f.eks. måndag og torsdag.

Veke 13 og vidare:

Lag ny klauvbadevæske 1 gong i veka. (Vedlikehaldsbehandling).

Normal dosering/ vedlikehaldsbehandling.

Avhengig av kor mange dyr som passerer klauvbadet kan doseringa varierast mellom 1-2 %.

Storleik klauvbad    Dosering      Mengde vatn       Antal. passeringar

100 liter                     1%                  99 liter                      100

100 liter                     2%                  98 liter                      200

Døme: Behov for Digiderm EU Premix, 100 dyr, 52 veker behandling etter “3-2-1 metoden”.

2 passeringar pr. dag

Veke 1-8: 48 liter

Veke 9-12: 16 liter

Veke 13-52: 40 liter

Totalt 104 liter.