1. Prisar Alle prisar er UTAN frakt. Prisane er basert på leverandøren sine prisar, gjeldande tollsatsar, avgifter og valutakursar. Nessemaskin tek atterhald om justering av prisane i tilfelle endring av disse. Ved alle sal gjeld prisen den dagen vara blir levert.
2. Frakt Småvarer og rekvisita blir sende fraktfritt ved ordrar over kr. 2500,- (u/mva)
– Klauvboks, transportvogn, drikketrau og andre volumiøse varer – frakttillegg.
– Ekspress/Overnatt pakker – frakttillegg.
– (Disse fraktvilkåra gjeld ikkje forhandlar).
3. Leveringstid Normalt frå lager innan 1 – 2 dagar, utselde varer blir ettersende så snart råd er.
4. Leveringsmåte Varene blir sende med Posten som Bedriftspakke, volumiøse varer med Bring Cargo eller eigen transport.
5. Betaling Varene blir sende utan oppkrav, med betalingsfrist 15 dager frå fakturadato. Om kunden bryt betalingsvilkåra eller dersom kjøpar blir vurdert som ikkje kredittverdig, må varene betalast på førehand.
6. Pant Seljer har pant i (eigedomsrett til) dei leverte varene inntil kjøpesummen med tillegg av renter og omkostningar er betalt. (Pantelov § 3-14 jfr.§ 3-22)
7. Undersøking av produkta Etter at du har motteke produkta, skal du, så snart du har høve til det, undersøkje om leveringa er i samsvar med pakkseddelen, om produkta er blitt skada under transporten, eller om produkta elles har feil eller manglar.
8. Feil ved vara Opplysning om feil ved vara skal meldast innan 8 dagar etter mottak. Seljar tek atterhald om retten til å reparere vara eller erstatta den med ei tilsvarande ny. Med mindre seljar har vore aktlaus er han utan ansvar for skade eller tap kjøparen er påført som følgje av feil ved vara. Dette gjeld også dersom kjøparen blir erstatnings ansvarleg overfor tredjemann. Feilaktig vare skal returnerast om seljar ynskjer dette.
9. Garanti Dersom ikkje anna er opplyst gjeld 1 år fabrikkgaranti på alle varer utanom slitevarer, f.eks. batteri. Garantien dekkjer material-og produksjonsfeil og er avgrensa til gratis reparasjon og utskifting av delar på seljar sin verkstad i ordinære arbeidstid.
Garantien fell bort dersom:
a. Det er gjort inngrep i vara utan seljar sitt samtykke.
b. Betalingsvilkåra ikkje er oppfylt.
c. Vara er skada som følgje av ukyndig handsaming eller bruk.
d. Garantien omfattar ikkje slitasje som følgje av normal bruk.
10. Reklamasjon Der kjøpar hovedsakleg nyttar vara i næring følgjer Nessemaskin reklamasjonsreglane i kjøpslov nr. 27, 13 mai 1988. For forbrukarar viser vi til informasjon i Standard salgsbetingelsar for forbrukerkjøp av varer over Internett. Nessemaskin fråskriv seg eit kvart økonomisk erstatningsansvar for skadar og følgjeskadar/følgjetap. Gjeld også på annet utstyr om skade skulle oppstå pga. bruk og/eller feil bruk av utstyr som er kjøpt hjå oss. Ved reklamasjon har kunden plikt til å sende vara(ene) tilbake dersom dette blir krevd av oss. All retur skal avtalast med oss. Bilder av mangel kan være tilstrekkeleg dokumentasjon, men Nessemaskin avgjer dette. Vi godtek kun reklamasjonsbilder som blir sende til oss på e-post. Bilder som blir sende på facebook, SMS eller lignande, blir ikkje handsama.
Ved godkjend reklamasjon vil vara bli reparert eller erstatta av likeverdig vare og vi betalar fraktkostnadane, beløp tilsvarande bruk av vårt fraktselskap.
11. Retur Retur av varer skal alltid avtalast på førehand, og Nessemaskin avgjer sendemåten. Dersom du har kjøpt feil produkt kan dette ordnast etter nærmare avtale med oss. Returnert vare skal være rein/ubrukt og med originalemballasje. Tilbod- og lagersalvarer vert ikkje tekne i retur. Ved forbrukarkjøp gjeld Lov om forbrukerkjøp. Sal til gardbrukar, lag og organisasjonar og andre som er registrert i Brønnøysundregisteret er næringkjøp og då er det desse reglane som gjeld. Privatpersonar har angrerett i 14 dagar etter bestilling, men må betale alle fraktutlegg som vedkjem sendinga. Om vara er teken i bruk eller skada fell angreretten bort. Næringsdrivande og firma har ikkje angrerett. Returvarer i oppkrav blir ikkje tekne imot.
12. Transportskade Transportskade skal STRAKS meldast til transportøren og Nessemaskin.
13. Uavhenta gods Alle fraktkostnadar i samband med uavhenta gods må kunden betala.
Småvarer, rekvisita: Portofritt ved kjøp over kr. 2500,- (utan moms)
Gjerdeutstyr: Portofritt ved kjøp over kr. 2500,- (utan moms)
Klauvbokser -Transportvogner og andre volumiøse varer: Frakttillegg etter avtale.