Infosenter

1. Prisar Alle prisar er UTAN frakt. Prisane er basert på leverandøren sine prisar, gjeldande tollsatsar, avgifter og valutakursar. Nessemaskin tek atterhald om justering av prisane i tilfelle endring av disse. Ved alle salg gjeld prisen den dagen vara blir levert.

2. Frakt Småvarer og rekvisita blir sende fraktfritt ved ordrar over kr. 2500,- (u/mva)
– Klauvboks, transportvogn, drikketrau og andre volumiøse varer – frakttillegg.
– Ekspress/Overnatt pakker – frakttillegg.
– (Disse fraktvilkåra gjeld ikkje forhandlar).

3. Leveringstid Normalt frå lager innan 1 – 2 dagar, utselde varer blir ettersende så snart råd er.

4. Leveringsmåte Varene blir sende med Posten som Bedriftspakke Dør til Dør, volumiøse varer med Bring Cargo eller eigen transport.

5. Betaling Varene blir sende utan oppkrav, med betalingsfrist 15 dager frå fakturadato. Om kunden bryt betalingsvilkåra eller dersom kjøpar blir vurdert som ikkje kredittverdig, må varene betalast på førehand.

6. Pant Seljer har pant i (eigedomsrett til) dei leverte varene inntil kjøpesummen med tillegg av renter og omkostningar er betalt. (Pantelov § 3-14 jfr.§ 3-22)

7. Undersøking av produkta Etter at du har motteke produkta, skal du, så snart du har høve til det, undersøkje om leveringa er i samsvar med pakkseddelen, om produkta er blitt skada under transporten, eller om produkta ellers har feil eller manglar.

8. Feil ved vara Opplysning om feil ved vara skal meldast innan 8 dagar etter mottak. Seljar tek atterhald om retten til å reparere vara eller erstatta den med ei tilsvarande ny. Med mindre seljar har vore aktlaus er han utan ansvar for skade eller tap kjøparen er påført som følgje av feil ved vara. Dette gjeld også dersom kjøparen blir erstatnings ansvarleg overfor tredjemann. Feilaktig vare skal returnerast om seljar ynskjer dette.

9. Garanti Dersom ikkje anna er opplyst gjeld 1 år fabrikkgaranti på alle varer utanom slitevarer, f.eks. batteri. Garantien dekkjer material-og produksjonsfeil og er avgrensa til gratis reparasjon og utskifting av delar på seljar sin verkstad i ordinære arbeidstid.

Garantien fell bort dersom:
a. Det er gjort inngrep i vara utan seljar sitt samtykke.
b. Betalingsvilkåra ikkje er oppfylt.
c. Vara er skada som følgje av ukyndig handsaming eller bruk.
d. Garantien omfattar ikkje slitasje som følgje av normal bruk.

10. Reklamasjon Der kjøpar hovedsakleg nyttar vara i næring følgjer Nessemaskin reklamasjonsreglane i kjøpslov nr. 27, 13 mai 1988. For forbrukarar viser vi til informasjon i Standard salgsbetingelsar for forbrukerkjøp av varer over Internett. Nessemaskin fråskriv seg eit kvart økonomisk erstatningsansvar for skadar og følgjeskadar på annet utstyr som måtte oppstå pga. bruk og/eller feil bruk av utstyr som er kjøpt hjå oss. Ved reklamasjon har kunden plikt til å sende vara(ene) tilbake dersom dette blir krevd av oss. All retur skal avtalast med oss. Bilder av mangel kan være tilstrekkeleg dokumentasjon, men Nessemaskin avgjer dette. Vi godtek kun reklamasjonsbilder som blir sende til oss på e-post. Bilder som blir sende på facebook, SMS eller lignande, blir ikkje handsama.
Ved godkjend reklamasjon vil vara bli reparert eller erstatta av likeverdig vare og vi betalar fraktkostnadane.

11. Retur Retur av varer skal alltid avtalast på førehand, og Nessemaskin avgjer sendemåten. Dersom du har kjøpt feil produkt kan dette ordnast etter nærmare avtale med oss. Returnert vare skal være rein/ubruk og med originalemballasje. Ved forbrukarkjøp gjeld Lov om forbrukerkjøp. Sal til gardbrukar, lag og organisasjonar og andre som er registrert i Brønnøysundregisteret er næringkjøp og då er det desse reglane som gjeld. Privatpersonar har angrerett i 14 dagar etter bestilling, men må betale alle fraktutlegg som vedkjem sendinga. Om vara er teken i bruk eller skada fell angreretten bort. Næringsdrivande og firma har ikkje angrerett. Returvarer i oppkrav blir ikkje tekne imot.

12. Transportskade Transportskade skal STRAKS meldast til transportøren og Nessemaskin.

13. Uavhenta gods Alle fraktkostnadar i samband med uavhenta gods må kunden betala.

Småvarer, rekvisita:  Portofritt ved kjøp over kr. 2500,- (utan moms)
Gjerdeutstyr:     Portofritt ved kjøp over kr. 2500,- (utan moms)
Klauvbokser -Transportvogner og andre volumiøse varer: Frakttillegg etter avtale.

Ei bedrift med lange tradisjonar

Dei  små og tungdrivne gardsbruka langs Sognefjorden gav minimalt med  inntekter. Sal av vanelege gardsprodukt som ost, smør, kjøt, skinn, ull, frukt og bjørkeved («byved») var vanskeleg. Erling Nesse starta firmaet AS Erling Nesse som attenåring i 1897, under svært så vanskelege kår, i den vesle veglause bygda Nessane ved Sognefjorden.
Eigen fraktebåt vart skaffa. Oppkjøp og sal av varer frå bøndene langs fjorden vart løysinga for å halde liv i forretninga, i tillegg til produksjon av både rullepølser og pinnekjøt.

 

 

 

Dei finaste pærene og epla blei handsveipt i silkepapir med reklame på, som igjen vart lagt i eigne fruktkassar av papp med reklametrykk. Eigen fargeetikett i djuptrykk, vart klistra på endeveggane. Oppå kassen låg det eit reklametrykk med følgjande tekst:
«Et eple hver kveld gjør deg god og vell» (visstnok ei fri omsetjing av det amerikanske uttrykket:
«An appple a day keeps the doctor away») og «Spis norsk frukt og la pengene bli i landet»
Dette var allereie i 1930 åra.

"Dampen kjem" måleri frå 1897
Reklame på fruktkassar

Kampen for eksistensen

Kampen for eksistensen (les: landbruket) og mot unødig import var høgaktuell den gongen og.
Då grunnleggaren døydde i 1949 tok Kåre Nesse over firmaet som no var landhandel og frukt engroshandel,
samt agentur på sal av plantevernmiddel. Etterkvart byrja ein med import av tekstilar og andre etterspurde varer.
Desse vart selde på postordre over heile landet.

Måleri frå handelsstranden 1947

Suksess utan sidestykke

I 1953 byrja ein med import av robuste og rimelege Bucher tohjulstraktorar og motorslåmaskiner. For mange vart dette den første traktoren på garden. Seinare kom også den vesle firehjulsdrivne traktoren Shibaura.
Stadig nye produkt kom til i utvalet, fleire av dei har hatt stor innverknad på utviklinga av landbruket i Noreg, ikkje minst på alle dei små og brattlendte gardane.

 

 

 

 

 

Midt på femtitalet byrja kampen mot «flukta frå landsbygda». Ein måtte ha arbeidsplassar utanom jordbruket. Plastproduksjon vart løysinga for det vesle firmaet.
På «sunnmørsk-vis» var starten på plastproduksjonen i 1956, svært varsom, med nokre få kvadratmeter i kjellaren på ungdomshuset i bygda. Det første produktet var flottørar for fiskegarn.
I 1957 vart Nesseplast etablert og fleire nye produkt kom til, skumpott blomsterpotter og deretter den patenterte Kova røyrisolasjon med «not og fjør», ein suksess utan sidestykkje.

Det fyrste eigne lokalet vart teke i bruk i 1959 og heilt ny fabrikk i 1963. Med denne store utbygginga måtte nye produkt utviklast og i 1966 og 1967 patenterte Kåre Nesse (to separate patentar) fiskekassen som idag er standard over heile landet. Ei stor utviding av lageret blei gjort i 1969.  I 1972 raserte ein storbrann heile fabrikken, men ny fabrikk stod ferdig i 1975, no på til saman ca. 10.000 kvm.

Bucher "Den makalause slåttekaren"
Den populære "Raude japanaren"
Fiskekasser med reklametrykk

Den nye tida

Etter eit valutatap på mange millionar vart plastfabrikken i 1983 overteken av Erling K. Nesse,
og fekk namnet AS Nesseplast.

Sal av utstyr og reiskap for landbruket vart gjort om til familieaksjeselskpet AS Nessemaskin.
Framleis er målet for AS Nessemaskin at vi skal kunne levere gode og varige produkt til landbruket,
samstundes som vi skal konkurrere med dei store kjedane på både levering, sendetid og pris.

Flyfoto av bedriftene på Nessane
Nessane 2018

Personvernerklæring for A/S Nessemaskin

Ansvarleg for handsaming

Kjartan Myrhol er på vegne av a/s Nessemaskin ansvarleg for selskapet si handsaming av personopplysningar.

Personopplysningar som blir lagra

Vi lagrar følgjande personopplysningar om kundane våre:
Namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse, passord for «Min Side» etc.]
Vi lagrar i tillegg kjøpshistorikk og handlemåte på vår nettside, dvs. opplysningar om korleis den enkelte kunde navigerar på sida.

Formål med handsaminga

Vi handsamar opplysningane for å kunna gjennomføre vår plikt etter avtale med deg.
Vi nyttar også opplysningane for å kunna gje deg informasjon, tilbod og service i samband med kjøpet ditt via e-post, telefon, SMS og postutsendingar.

Grunnlaget for handsaminga

Informasjon om namn, adresse, telefon, e-postadresse blir nytta til å oppfylla kjøpsavtalen. Grunnlaget for denne handsaminga er Personvernforordninga sin artikkel Art 6 (b).

Der du har samtykka til at opplysningane også blir nytta til å gje deg informasjon, tilbod og service i samband med kjøpet ditt via e-post, telefon og SMS. Grunnlaget for denne handsaminga er Personvernforordninga sin Art 6 (a). Du kan når som helst takka nei til å motta slik informasjon frå oss.

Der du har samtykka til at det nyttast kjøpshistorikk og handlemåte til å gje tilbod og reklame spesielt tilpassa deg som brukar. Grunnlaget for denne handsaminga er Personvernforordninga sin Art 6 (a). Du kan når som helst trekkja tilbake samtykke ditt til slik bruk.

Innhenting av personopplysningar

Alternativ 1: Vi lagrar dei personopplysningane du har gjeve på vår nettside i samband med kjøpet ditt.

Alternativ 2: Vi lagrar dei personopplysningane du har gjeve til våre tilsette i samband med kjøpet ditt.

Vi brukar informasjonskapslar/cookies på vår nettside for å gje deg som vitjar sida best mogeleg kundeoppleving og service. Lov om elektronisk kommunikasjon krev at vi informerar om vårt bruk av informasjonskapslar (cookies) til dei som vitjar sida.

Utlevering av opplysningar til tredjepartar

Vi vil ikkje dele, selje, overføre eller på annan måte utlevera personopplysningar til andre, med mindre vi er rettsleg forplikta til det.
For å kunne oppfylla pliktene våre, etter avtale, blir naudsynte opplysningar utlevert til våre samarbeidspartnarar, feks transportørar

Sletting av personopplysningar

Opplysningar vi har motteke i samband med kjøpet ditt blir lagra i vårt aktive kunderegister i 3,5 år.

Opplysningar vi etter bokføringslova er forplikta til å sikra vil blir lagra i inntil 5 år, i flg. lovkrav.

Rettigheiter for den registrerte

Vi handsamar personopplysningingane dine i høve til Personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Vi gjer merksam på at du kan kreva innsyn i og flytting av eigne personopplysningar, samt kreva retting eller sletting av opplysningane.

Det kan klagast til Datatilsynet på handsaming i strid med reglane.

Personvernombud

Vi har eit personvernombud, Kjartan Myrhol som sikrar at Personopplysningslova sine reglar om handsaming av personopplysningar blir følgde.

Informasjonssikkerheit

Vi sikrar personopplysningane dine ved både fysisk og virtuell tilgangskontroll, samt ved kryptering av sensitive delar av opplysningar du har gjeve oss.

Kontaktinformasjon

Førespurnad om kva opplysningar som er registrerte, retting og sletting kan sendast skriftleg til følgjande adresse:

Epost: post@nessemaskin.no
A/S Nessemaksin
Sjøarsvegen 5
6994 Nessane

Har du spørsmål?

Vi har rask responstid og er alltid tilgjengeleg for å svare på dine spørsmål.

Send oss ein førespurnad gjennom skjemaet, eller ring oss på telefon

57 69 48 00